EØS-midla til det sivile samfunn er oppretta for å styrke utviklinga av NGO’ar og bidra til sosial rettferd, demokrati og bærekraftig utvikling. Ei evaluering av EØS-midla som gjekk til det sivile samfunn i perioden 2004-2009 viser at EØS-midla bidrog til ein betydeleg del av utviklinga av NGO’ar i mottakarlanda.
Webkonsultasjon
Minst 100 millionar EUR vil verte gjort tilgjengeleg for nye samfunnsprosjekt sett i gong av NGO’ar (non-governmental organisations), men den totale støtta til det sivile samfunnet er forventa å verte endå høgare, då frivillige organisasjonar også står frie til å søkje på middel under andre EØS-etablerte program. Bidragsytarane Noreg, Lichetenstein og Island har, basert på erfaringar frå perioden 2004-2009, kome med forslag til støtte til det sivile samfunnet. Desse forslaga er basis for ein webbasert konsultasjonsprosess, der EØS-landa ynskjer innspel frå NGO’ar i både mottakar- og givarland om korleis ein best kan bruke EØS-midla for perioden 2009-2014.
Konsultasjonsprosessen føregår på websida www.eeagrants.org/ngoconsultation. Det er rom for både kommentarar, reaksjonar og meir formelle innspel på websida.
Websida er open for kommentarar og innspel frå 10.september til 22. oktober 2010.